torsdag 9. august 2012

Rosebed?

Ja spørrreteikn avdi bedet ikkje er ferdig. Det skal vera ei rose til pluss at eg skal leggja ein fin ring med steinar rundt. Eg trur det kan verta flott. Vert liksom litt meir orden med klare grenser. Kan hende dette kan fungera som eit "før" bilete? Først ei buskrose frå bo grønt, planta no i sommar då eg hadde klypt for mykje av den som sto frå før. Så ei gul rema 1000 stilkrose frå Danmark. Og nærast kameraet ein buskrose frå Rena. Og som eigenleg kjem frå Brumunddalen. Ho ser litt lei seg ut. Så kanskje ho skal få litt meir vatn og gjødsel?

fredag 3. august 2012

No vekker eg bloggen til liv

No kom bloggelysta attende, og eg vil herved vekke bloggen til live att. Det har skjedd ein del i hagen før me drog på ferie og. Både singel, mur og blomebed i hjørnet er ferdig. Plutseleg vart det mykje reinare og kjekkare i hagen. Muren vart bygd for å lettare halda skråbedet som ikkje er fullt så skrå lenger iorden. Og staudebed og steinbed kjem etterkvart. Kanskje me drøyer det til våren. Alt kan ikkje vera på stell. Iallefall ikkje samstundes..... Her er nokre bilete: