søndag 18. september 2011

Eg søv i spelkassa



Endeleg kjem eit innlegg frå husets sjef, Gustav Mahler. Eg vil helst vera med på det folka mine gjer. Så når dei speler Rummy, ligg eg i eska til brikkene. Når eg er ferdig med å slikke Asbjørn på halsen då. Også gjorde eg noko anna som dei synest var morosamt i dag. I vinduskarmen mot garasjen der eg ofte plar liggja, skal dei alltid ha ein dum bamse, og no fann eg ut at eg skulle flytte han litt. Så då bar eg han med tennene mine til ein betre egna stad, i sofaen. De får ha ein god sundag :)

Haustens avling.....



Eh, dette er ikkje mykje å skryte av.... Men no skriv eg ikkje denne bloggen for å skryte heller då. Ein rayd tomat på tre tomatplanter, ein solsikke i blom av ein heil pakke planta og ein håndfull gulerøtter omlag 1,5 cm. Hahaha gartner liksom. Dette var skrale greier. Evalueringa går på å så tidlegare, pluss å tinga betre sumarver. Det har jo regna og regna og temperaturene har ikkje vore høge i meir enn toppen ein halv dag om gongen. Jaja. Dette er for moro skuld, og moro var det :)

søndag 11. september 2011

Haust i hagen





Ja hausten er ei herleg tid. Det skjer ikkje så mykje i hagen då, men herleg å vera ute i storm og regn for så å koma inn, drikke kakao og lese ei bok. Eg har pynta litt med kvit lyng og kål i verandakassene, og raud lyng og eføy i den massive treblomekassa. Og hortensian blømer no i i tre blomer. Om det er nokon som lurer på korleis det står til med Gustav så har han det som "plommen i egget". Går inn og ut som han vil i eiga dør, og får fin mat og er blank og mjuk i pelsen. Oj der vart visst tåa med på bilete av den raude lyngen med eføy i mellom. jaja slik som skjer. Eg er såvisst ingen fotograf.

søndag 4. september 2011

Endeleg er huset ferdig målt


Ja det er vel ei veke sia no. Men eg bloggar gjerne eit bilete. Og me har alt feira. Eg hadde aldri trudd det skulle ta vel 2 år å måle eit hus utvendig! Ja no er me iallefall ferdige for ei stund. Skal seie det var strevsamt å måle oppunder takrennene og mellom spottane.........

Vert denne rosa verkeleg gul??


Som eg blogga i mai, så kjøpte eg med meg ei rose frå københavn og planta i hagen min. No har ho fått eitt flott skudd. Men eg trur ikkje på at den vert gul slik det står på lappen som følgde med. Så no gler eg meg til ho spring ut.

lørdag 3. september 2011

Hortensia i september


Ja så vart dei blå, dei bittesmå hortensiaskudda som kom fram i august. Ah, eg som ikkje trudde eg skulle få hortensia i det heile i år. Hortensia i september er flott, og eg gler meg allerie ti neste sommar då eg skal ha hortensia frå blom frå juni til september :)

Eg er svært nøgd med det nye kameraet, kan til å med få med regndropane. God helg folkens.

Svartsurbær


No har det vore bloggtørke lenge nok. Eg har berre ikkje hatt lyst til å blogge. Det er ikkje det at det ikkje har skjedd noko i hagen, eller at eg ikkje har hatt tid. For det er berre å prioritere det. Men no skal eg snart ut til vg1 klassane med bibliotekopplæring og då veit eg at eg kjem til å legge fram bloggen som eit døme på kor lett det er å legge ut noko på verdsveven. Jaja to floger i ein smekk og slikt.

Den flotte hekken me planta i fjor haust, kom med blomer i mai/juni og no har han bær. Svarte bær. Men dei smaker ikkje godt. Mulig det er sunt og næringsrikt, men surt. Eg har lese ein stad at bæra skal stå på busken til etter første frost natt og at dei då vert søtare. Hmm kanskje det er noko i det?? Kanskje me kan laga syltetøy eller noko.