fredag 25. mars 2011

krokusene blømer!!


Ah, no er det vår ute og! Krokusane blømer så fint. Men no trur eg at eg må skaffe meg snøklokker. "Alle" driv og snakkar om at snøklokkane blømer. Hjå meg er iallefall krokuane i bløming! No ser det ut til at det vert drivhus og!! Jippi!! Då kan eg plante tomater og ja andre ting. Har ikkje heilt planen klar for kva eg skal drive opp enda. Tomatane er eit møst i mi verd.

lørdag 12. mars 2011

Våren er ialllefall inne :)




Ja så kom snøen att, når skal det bli vår i år?? Dei fine krokusspirene har snødd ned, uff og uff. Då fekk eg så lyst til å laga litt ekstra vår inne. Eg har hatt fleire omganger med tulipaner alt, og narcisser og påskeliljer ei æve på forskudd. Fredagføremiddag snødde det så tett at ein skulle tru det var desember. Og eg ønska meg ...... vår:) Kanskje han kjem i neste veke. Temperaturen er ikkje så gale då, så han er nok på veg.

lørdag 5. mars 2011

Krokusane spirer!!



Jippi!! No er det vår!! Krokusane spirer i bedet mitt. No er det berre å gle seg. Eg kjøpte meg ei potte med narcisser til å ha på spisekjøkkenbordet og, for no er det vår både inne og ute. Spesielt artig er det når sola skin. Og då eg skulle fotografere dei små spirene kom sjølvsagt nysgjerrigpusen.........