mandag 27. september 2010

Hekken er ferdig!!!




Jess no er hekken ferdig! Ah, det var herleg og sjå. Vatningsassistenten har vore utruleg flink i dag. Han har visst hatt hjelp av Gustav i dag og. Hekken heiter Sortsurbær, har flott farge om hausten som de ser, kvite blomer om våren og diverre brun om vinteren.

søndag 26. september 2010

meir hekk



Ja me vart ikkje heilt ferdige. Men det fine er at det er meld fint ver i morgon og. Men me er over halvvegs, og no veit me korleis det skal gjerast. Også slike flotte haustdagar!! Da er det berre kos og halda på ute. Også så flott haustfarge på plantane me set ned! No har eg kjøpt meg så flotte hanskar på plantasjen og! Dei er raude og flotte med tynt for i. Og mykje vil ha meir. No som me har gjort det så grundig og fint langs 2 sider så frister det og legge duk og bark rundt rododendronene og. Jaja me for sjå. Me har att mykje duk, og barken trur eg og me har overskot av. Me for sjå an veret og arbeidslysta.

lørdag 25. september 2010

Hekk




Ja her er den fyrste av 81 hekkeplanter! Heile hekken vert 27 meter lang. Me er ikkje ferdige i dag. Kanskje i morgon? Tyngste jobben er gjort. I fleire timar i dag har eg grove opp torv, snudd ho og fylt på med hagejord. I morgon er berre å setja 80 planter i jorda og fylla bark omkring. Og så har me plutseleg hekk. Så utruleg flott og vera ute og halda på med mold og planter. Og det beste av alt, finveret skal halda fram!!

torsdag 23. september 2010

Ny hekk :)



Ah, no vart det fint. Me måtte gjera noko med desse små buksbomplantane som vart vokse forbi av graset. No har vatningsassistenten vore flink. Han har gravd ned duk, planta ned større buksbom og lagt på bark. Å, så flott som det vart. No manglar me berre hekk på langsida. Og jammen vart ikkje tomatane raude!! Ikkje så store riktignok, men kan hende det er ein art som ikkje vert større??

mandag 6. september 2010

Huset får meir farge






Åh, så herleg med malehjelp. For tida så har me malehjelp på vitjing! Ho er så flink. Ho og vatningsassistenten har måla og måla i fleire dagar. Det er jo flott målevær om dagen og. Kan hende for varmt?
Uff desse bileta vart visst uklåre. Jaja de får iallefall eit lite inntrykk.

onsdag 1. september 2010

Sensommarrapport










Ja no har det verkeleg vore bloggtørke her i hageverda. Det er ein liten pus som har fått mykje merksemd den siste tida. Vesle Gustav Mahler. sjå bloggen hans her http://gustavmh.blogspot.com - den er det mange som har glede av, ikkje minst eg. Ja so var det hagen. Ja sommerblomstra byrjar og seia takk for seg. Men haustblomane kjem. Eg aner ikkje kva dei heiter, men har tre som såg like ut men berre den eine har fått raud farge. Kan hende dei andre kjem etter kvart. Eg har bilete av dei nedanfor. Dei som likner på blaumkål. Også har me sukkererter!! Trur eg skal ta inn til salat i morgon. Det er litt tidleg, dei er ikkje store nok enda, synest eg. Er det no eg skulle vere tolmodig?? jaja. Solsikka kjem og. Ho tok eg ikkje bilete av, venter til ho får blome på. Eg har pynta med lyng der margerittane var, i blomekassa. Det er så morosamt og ha noko som blømer heilt frå april til september/oktober. Det var ikkje heilt planlagt, men det vart. Hehe, artig med overraskelseshage. Og eg ser i hageblada at eg kan snart plante ut laukane. Så kjem dei kan hende til våren.