lørdag 9. oktober 2010

Haustblomer




Ja eg veit ikkje kva dei heiter. Men mener og erindre at det sto at dei blømer frå august til oktober. Desse blaumkålliknande bukettane som går frå å vera lysegrøne til å verta raude. Og ein flott raudfarge har eg på dei nå. Tilfeldigvis har eg 3 like av dei i staudebedet. To har eg fått avlegger av to ulike avlegger"levrandører" og ein har eg visst kjøpt på plantasjen. Interessant var det og sjå at den eg hadde kjøpt var tidlegast i bløming. Tenkjer at eg skal plante dei saman når dei er avblomstra. Men nett no er det to i flott bløming. Og den blå der står fint til dei raude. Aner ikkje kva den heiter heller eg, men eg vart gla då han plutseleg blømde. Eg trives godt med tilfeldighetshagen min. Men eg lærer stadig nye ting. Og hekken som eg har blogga så kjekt, har mista nesten alle blada! Så nå ser det ut som me har planta nokre kvister som stikk opp frå barken. Jaja det vert iallefall spanande og sjå når det vert vår. Eg ser no at rododendronen som eg planta i plenen foran huset har utruleg mange skudd eller kva det heiter. I vår hadde han ein knopp og blome, men til våren trur eg det kan verta minst 10!!! Jaja det gjenstår og sjå til våren. Ah gler meg. Men hausten er fin. Plukka til og med sukkererter i dag. Men no er det snart ikkje att fleire. Men dette var suksess så den kan med glede gjentakast.
God helg!

Erica i tre farger!





Erica er haustblome nr 1 synest eg. Denne flotte raude lyngen. Og så viser det seg at den er både kvit og blå. Ja den blå er visst farga, men eg synest den gjer seg godt ein på kvar side av garasjeporten. Her er eit utval av mine Ericaer.

Endeleg blømer solsikken


Ja endeleg blømer solsikken. Eg har aldri sett så liten blome på ein solsikke før men. Det ser ut som om det kjem eit par til. No får eg løn for dei frøa eg planta i mai/juni. Været har vore hard med solsikkeplanta. Det har regna og blåst i veka som var og det har nesten rive solsikken over ende.

tirsdag 5. oktober 2010

Ah, herlege haust

Ja eg liker hausten så godt. Når finveret er på plass, så som førre helg då me planta hekk. Men og når regnet pisker på ruta og vinden bles orkan. Då er det herleg og berre ta på kosebuksa og trekke seg litt te og ta fram ei god bok. Tenkte eg skulle lage eit innlegg med Erica. Eg har sett ut 3 ulike sortar, kvite, raude og blå. Ja dei blå er nok farga, men dei passa så godt på garasjen.