mandag 26. juli 2010

Roseknoppar og babytomater

Til mi store glede såg eg at rosebusken me planta på bryllaupsdagen har 3 knoppar!!! Så flott. Eg gler meg til og sjå kva form, farge og duft ho har. Og eg som ikkje trudde det kom roser i år.
Også har eg sett 4 små grøne babytomatar!!! Så kjekt. Om ei stund vert dei nok raude. Og eg som ikkje hadde trua på desse grønsakane. Hmmm Kålrotplantane kjem og. Men dei har litt rar form. Ikke runde slik dei er i butikken, men avlange. Kan hende dette er den avlange typen, hehe.

søndag 25. juli 2010

Eg har klyppt plenen!!


Ja det var berre moro. Så det skal eg gjere fleire gonger. Dagens trim. Eg hadde eit lite uhell, eg kutta litt ned på roseavleggjaren. Reknar med at ho kjem seg. Den elektriske klypperen fungerte bra, men etter ei lita stund måtte han ladast. Eg forta meg og klypte det siste. Det såg ut som om eg fyllik hadde klyppt, hehe. Eg vimsa att og fram som vanleg.

lørdag 24. juli 2010

Hengeverdana og roser





Då eg kom heim frå ferie var den einaste hengeblomen eg har fantastisk flott. Ampel heiter det ja. Kva har du gitt han Helga blomepasser? Og i dag har eg planta roseavleggaren eg fekk med heimefrå som eigentleg kjem frå bestemor sin hage. Også til slutt eg har oppdaga to knopper på rosebusken som eg og min mann planta på bryllupsdagen! Kan hende kjem det roser i år?

fredag 23. juli 2010

Så godt og koma heim til blomane





Neste år trur eg at eg skal settja oppp webkamera i hagen, slik at eg kan følga med på dei ulike blomane i ferien. Neida. Flott var det og koma heim og sjå korleis det bugna av blomer. Til dømes er tobakksplantene vortne nesten ein og ein halv meter høge. Også har eg fått ein liten grønn babytomat, på størrelse med ei ert!! Stilig. Det var vanskeleg og ta skikkeleg bilete av den, men om de ser omlag midt i bilete er han der. Også har eg planta Hostaen eg fekk med frå mor og pappa sin hage. Rosene og fotballbusken venter eg med til i morgon. Tusen takk Helga for pass av hagen.

For en nyydelig park!!!


Per bror sine roser :)



Bror i Oslo har også roser i hagen.

tirsdag 20. juli 2010

Buketter i vatn



Desse fine tuene såg me på fjelltur

fredag 16. juli 2010

I mor og pappa sin hage







No vitjar eg foreldra mine. Og er sjølvsagt ekstra interessert i hagen deira. Pappa har ordna med avlegger som eg skal få!! Jippi! Det er ei rose som kjem frå bestemor sin hage. Eg trur eg skal ta med meg noko frå "fotballbusken" og Hostaen. Tenkj at dei har hatt så flotte hostaer utan å vite kva den heiter! Den hadde kome til hagen før foreldra mine.

mandag 12. juli 2010

Sakner hagen allereie....

Jaja fint å vera på ferie men sakner hagen. Den er nok i gode hender av ein hjelpsom nabo. Me har det heilt framifrå på ferie og gler oss til og treffe den tøffe vesle nevøen i morgon. Seinare vert det meir familie. Fint ver og. God sommar til alle. Me kjem attende omlag ei og ei halv veke.

lørdag 10. juli 2010

Grønsakene veks




Sukkerertene har byrja spire :)
Kålrot og salaten veks og.

Stakittgjerdet er komen opp


No er det kvite stakittgjerde komen opp. Vatningsassistenten har gjort ein kjempejobb. Det vart utruleg fint.

fredag 9. juli 2010

Per sin snigle


Eg fekk denne frå Per. Han ville væra med på bloggen. Har de slike i Oslo og? Eg har berre sett ein i hagen vår. Og han vart kasta langt vekk. Det er mange på asfalten etter regnver.

torsdag 8. juli 2010

No blømer Peonen!



Endeleg har han sprunge ut! Min kjære Peon blome. Det vert nok berre denne eine i år, men kan hende han kjem med fleire blomar neste år.

tirsdag 6. juli 2010

Hekk både her og der :)




Ja nå har me planta hekk på dei to kortsidane. Rododendronhekk av 4 planter Fantastica, rosa blomer og buksbom av 24 små planter. Kanskje har dei tilbod på hekk når me kjem heim frå ferie? Då tenkjer eg at me tar langsida. No ser det heile litt meir ferdig ut. Dei 8 me hadde att, tenkjer eg at skal plantast i ei stor krukke. Førebels står dei i plenjord kroken.

mandag 5. juli 2010

Vindens herjingar!!



Eg er såra og vonbråten. Ein av dei fyrste staudene eg kjøpte er velta!! Og lupinen bedets tårn er ribba for blå blomar. Grrr!!! Vinden har heldigvis stilna no.

søndag 4. juli 2010

Revebjeller i hagen!!


Jess! No har eg revebjeller i hagen! Dei er så majestetiske i si framferd. Vonar dei toler vinden som herjer no. Eg klarte ikkje gå forbi denne på plantasjen i dag. Dessuten er eg ganske lei stemor. Trur eg har stemor i 3 krukker pluss ei tjukk rad i det eine bedet. Revebjellene er utruleg dekorative. Og i morgon vert det rododendronhekk! Dei er jo på tilbud no. Og med 4 rododendroner får eg ein flotte hekk. Han bloggast i morgon. Og buksbom på den andre kortsida. Trur me ventar med hekk på langsida mot asfaltgangveien til neste år. Då vert det minimalt med nyplanting.

lørdag 3. juli 2010

Tomatblomer!!


Jess! I dag såg eg gule små blomer på den vesle tomatbusken min. Om eg ikkje får tomater har eg iallefall fått blomer :)

I dag kom det 2 blomer på tobakksplantene


Endeleg kom i dag blomer på tobakksplanten. Dei er flotte. Lurer på om alle vert raude? Kan hende nokre vert gule?

Javisst gjør det ondt når knoppar brister...




Trur det er eit dikt av svenske Karin Boye. Endeleg har ringblomane kome med knopper. Og peonen held framleis på å springa ut. Papaver kjem og.

Ny plenklipper!


Ja no er husbonden stolt! Nyklipper som går på batteri. No slepp han og gå med ledningen...... Det morosamme er at han måtte ladas før plenen var ferdigklypt, hehe.

torsdag 1. juli 2010

Plommetrepasser!



I dag kom eierane heim. Eg har nemleg vore plommetrepassar sidan måndag! Eg har snakka med det kvar dag og gitt det næring og omsyt. Eg må diverre melde om at treet til naboen har allereie fått plommekart. Men det står at treet kan verta utsett for plommepung.....
Eg siterar frå snl.no

plommepung

Forfatter: Arild Sletten

plommepung, sykdom på plomme forårsaket av sekksporesoppen Taphrina pruni. Viser seg først og fremst på fruktene, som blir helt misdannet og uspiselige. De blir oftest lange og smale, noe krumme (bananlignende), hule (uten stein), først gul- eller rødaktige, med et fint, hvitt dunet belegg, som består av soppens sporesekker (asci). Fruktene tørker etter hvert inn og blir nesten svarte av sekundære sotsopper, og de blir hengende slik på trærne, ofte til neste vår. Soppen kan også være årsak til utvikling av tette grenvaser, heksekoster. Plommepung er vanligst og gjør mest skade på enkelttrær i småhager. Det er stor forskjell i sortenes mottagelighet for sykdommen, noen sorter er immune. Bekjempes ved bortskjæring av heksekoster, fjerning av angrepne frukter, og forebyggende sprøyting ved knoppsprett med kjemisk soppmiddel.